6. feb, 2015

Ny veileder for vurdering av landskapsvirkninger ved utbygging av vindkraftverk!

publikasjoner.nve.no


Betre vurdering av landskapsverknader av vindkraft

NVE har i samarbeid med Miljødirektoratet og Riksantikvaren utarbeida ein rettleiar for vurdering av landskapsverknader av planlagde vindkraftverk. Den nye rettleiaren skal gjere vurderinga av landskapsverknader meir systematisk og lettare tilgjengeleg.

- Alle som søkjer løyve til å bygge vindkraftverk må utarbeide vurderingar av landskapsverknader av vindkraftanlegget, men vi ser at kvaliteten på utgreiingane varierer. Den nye rettleiaren set ein ny standard og reindyrkar metodegrunnlaget slik at alle utgreiingar blir utførde så likt som mogleg. Dette vil truleg betre kvaliteten på vurderingane og gjere dei lettare å lese og forstå, seier Rune Flatby, direktør i konsesjonsavdelinga i NVE.

Den nye rettleiaren er skreddarsydd for vindkraftanlegg, noko som vil gje meir presise og oversiktlege vurderingar av korleis ei utbygging av vindkraftanlegg vil påverke landskapet. Ei betre grunngjeving gjer det lettare for partar og andre å forstå utgreier sine vurderingar.

- Direktorata meiner at rettleiarens metode vil bidra til eit betre grunnlag for dei som skal uttale seg til planane, og for NVE som skal handsame søknadane om nye vindkraftverk, seier Flatby.

NVE vil sette krav om at rettleiaren brukast i komande utgreiingsprogram for vindkraftverk.

Kraftnytt 05.02.15.