7. sep, 2015

Eidsiva: Seks bedrifter må koste offentleg breiband

Er det rett at seks bøverdalsbedrifter skal bera kostnadene for utbygging av eit offentleg breiband?

 

Elveseter hotell, Jotunheimen fjellstue, Leirvassbu fjellstue, Bøverton skysstasjon, Krossbu turiststasjon og Sognefjellshytta godtek ikkje utan vidare å måtte koste oppgradering av breibandnettet gjennom Bøverdalen til eit brukbart nivå.

 

Eidsiva etablerte breibandløysing til bedriftene i Bøverdalen i 2007-2008, delvis finansiert gjennom tilskotsordning. Men dette har gått ut på dato, og tilfredsstiller ikkje dagens behov. Ønske om oppgradering blir møtt med eit kostnadskrav på 600.000 kroner, pluss månadleg abonnementspris på 2.490 kroner og ei binding på 60 månader, 30.000 kroner året.

 

Reiselivsbedriftene finn det urimeleg at dei skal koste ei oppgradering som vil koma heile bøverdalssamfunnet til gode, og har bede om eit møte med ordføraren fredag.

 

Lom kommune må forhandle med Eidsiva, eit firma eigd av det offentlege, og eventuelt gå inn med midlar, meiner bedriftene.

 

GD: 24. august 2015.