«Dersom det tek til å brenna i landets største vindkraftverk, må Fitjar brannvesen få hjelp av bøndene», skrev Bergens Tidende 19. september 2012. Her følger oppslaget:
Til trass for at landets største vindkraftverk er under utbygging, er beredskapen ikkje blitt auka i Fitjar kommune. Både i Noreg, Danmark og Skottland har fleire vindmøller totalthavarert
og knekt saman. Seinast i desember i fjor skjedde ein eksplosjonsarta brann i ei vindmølle i Ardrossan i Skottland. I Fitjar er korkje brannmannskap, opplæring, utstyr eller risikoplanar oppdaterte, stadfestar varabrannsjef Torgeir Steien. «Me
har komne litt på hælane», meiner tidlegare ordførar Harald Rydland (Krf).
- Manglar utstyr
Til formannskapet 12. september stilte han spørsmål til ordførar Wenche Tislevoll (H) om Fitjar kommune har sett i gang arbeidet med å oppdatera risiko- og sårbaranalysen (ROS-analyse) for kommunen i samband med bygging
av vindkraftverket. Hanville også ha svar på om kommunen kan få uføresette kostnader knytt til utstyr og høgare kompetansekrav i brann- og redningsetaten. Ordføraren let varabrannsjef Torgeir Steien svara, og orienteringa
gjorde ikkje Rydland mindre uroleg.
- Det er ikkje utarbeida eigen ROS-analyse for Fitjar brannvesen i høve til brann og ulukker i vindkraftverket.
- Kommunen sin revisjon av ROS-analysen er ikkje sett i gang.
- Fitjar brannvesen disponerer ikkje utstyr, og har heller ikkje mannskap som kan takla redningsoppdrag 80 meter over
bakken.
- Det kommunale brannvesenet manglar utstyr til å sløkkja brann i fjellet. Nord i vindmølleparken er det lite eller ikkje vatn å henta, sør i parken er det meir tilgang på
vatn.
- Fitjar brannvesen har ikkje utstyr eller mannskap med kompetanse til å takle brann i trafo eller vindmøller.
- Det hastar
«Dette kan få konsekvensar med omsyn til utstyr, tankbil og eventuelt anna utstyr som vil vera nødvendig for å takla uønska hendingar i vindkraftverket
og opplæring av mannskap», skriv varabrannsjef Torgeir Steien i orienteringa til ordføraren. «Dette er nok mangelfullt i høve til kva ansvar me kan få i fjellet», sier Rydland. Han meiner det hastar med å avklara
kven som skal ta ansvar dersom det skjer ei ulykke i fjellet. Midtfjellet vindkraftverk AS fekk i 2008 utarbeid ein ROS-analyse kor konsulentselskapet Multiconsult konkluderte med at møllehavari kan førekoma, men at det skjer svært sjeldan.
«Ved riktige serviceintervaller og kompetent personell, vil faren for havari være minimal», i følge rapporten.
Brannsjef
Tore Nesbø var ikkje kjent med orienteringa frå sin eigen nestkommanderande, men meiner brannvesenet er riktig dimensjonert utifrå innbyggjartalet og dei risikoobjekt som finst i kommunen.
- Samarbeid med bøndene
«Eg ser ikkje at vindparken utgjer noka dramatisk endring. Skulle det ta til å brenna i ei mølle 80 meter over
bakken, ville heisen vera ute av drift. Me ville aldri sende nokon i leider opp for å slokke ein slik brann. Det ville vore galskap», seier Nesbø. Kapasiteten på tankvogner ved ein eventuell skogbrann er han ikkje bekymra for. «Me
har godt samarbeid med bøndene. Då vil me nytta tankvognene deira», seier brannsjefen. På eit område er han likevel einig i at noko må gjerast. ROS-analysen, som Fitjar kommune laga saman med Stord kommune i oktober 2008,
er ikkje revidert. Det skal skje kvart fjerde år. «Den oppdateringa burde vore i gang no», seier Nesbø.
PS: Produksjon
av kraft frå den første vindmølla skulle ha starta i går. Dette vart utsett fordi ei kraftline vart satt ut av torevér natt til i går.